Page 1 of 1

Rabarbrasuppe

Posted: 26 May 2014, 09:58
by Rosa Leander
Rabarbraen er breier seg frisk og frodig, det er berre å forsyne seg av godsakene. Rabarbrasyltetøy med sommarsmak er nydeleg. Rabarbrasuppe er også nydeleg sommarmat. Den kan kokast i ein fei og smakar like godt varm som kald. Ein kremklatt eller ei skei vaniljeis på toppen er ikkje å forakte.

Kok opp:
1 liter vatn
5-6 dl oppkutta rabarbra (ca 250 g)
1 dl sukker

Jamning:
1,5 ss potetmjøl + litt kaldt vatn

Når rabarbraen er mjuk, rør saman potetmjøl med litt kaldt vatn og ha jamninga i gryta under omrøring. Varm forsiktig opp. Ikkje kok etter at potmjølsjamninga er komen i gryta!

Velbekomme

Re: Rabarbrasuppe

Posted: 26 May 2014, 19:54
by magnolia
Takk. Nå fikk jeg lyst på rabarbrasuppe, tror jeg lager det i morgen. Det smaker så godt i varmen.